page view image

RIKSTEATRET: TOLLAK TIL INGEBORG

Informasjon
event image

Eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama

Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.

 

Det er på tide å fortelje.

 

Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet med 70.000 selde eksemplar av romanen. Her kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.

 

Regien er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med komponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora.

 

Med Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Sebastian Biong og Harald Ottesen Nødtvedt.  

 

"Nynorsken har fått ein ny klassikar"

Bergens Tidende (5)

 

"Sterke skuespillere bærer en bekmørk forestilling som truer med å synke inn i skyggene"

Dagsavisen (5)

 

"Vi kjenner alle ein Tollak. Slik vi ser han på scena, kjenner vi han i oss sjølve og i kvarandre"

Norsk Shakespearetidsskrift

 

"Mørk og dirrende, med en god hovedrolleprestasjon"

NRK P2

 

"Ei heilstøypt framsyning med knallgode karakterar"

Scenekunst.no

 


Speletid: 1 time 45 minutt

Pause: Nei

riksteatret teater teaterforestilling bakkenteigenkulturhus hvaskjerihorten

Ansvarsfraskrivelse

Det er ingen angrerett ved forhåndskjøp av billetter hos Bakkenteigen kulturhus. Refusjon skjer kun dersom arrangementet mot formodning avlyses.
Ved eventuell refusjon av billettkjøp forbeholder arrangør seg retten til å trekke i fra billettavgift/serviceavgift (normalt mellom 7-8% av billettpris) før restbeløpet refunderes billettkjøper.